Det blir ingen store eksperiment i offentlig sektor. Det blir meir pengar og stillingar til eit godt system, lovar vinnarane. Det blir lite fornying, hevdar taparane.
Jens Stoltenberg kjem til å halda fram som statsminister, men det er meir usikkert om SV og Senterpartiet blir med på laget. Arbeiderpartiet har begynt å drøyma om mindretalsregjering igjen.
Det kjennest trongt når alle bryr seg, men det blir tomt når ingen bryr seg. Dei som kranglar saman, høyrer saman, for lokal strid er ein viktig del av den sosiale og kulturelle veven.
Vegen blir til mens ein går. Summen av fornuftige og nødvendige tiltak på det praktiske feltet, kan bli noe ein ikkje liker på det prinsipielle planet.
Det kjennast trygt å vera i balanse. Men kravet om balanserte ordningar kan sementera skeivheter. Virkeligheta er ikkje så eindimensjonal som skålvekta krev.