2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Bjarne Håkon Hanssens verdiskaping

Av: Andreas Hompland  [Sist endret: 16.11.2009 07:57:20]

Det dei driv på med i begravelsesbyrå blir rekna som verdiskaping, mens fødselshjelp og livbergande behandling på sjukehus bare bruker opp verdiane.

BJARNE HÅKON HANSSEN hadde sikkert mange gode grunnar til å trekka seg som statsråd. Noen av dei er etter kvart blitt meir åpenbare og meir private og familiære enn han ville ut med straks.

Han har vore i politikken i 29 år og på heiltid i 18 dei. Han har gjort ein verdifull innsats for folk og land. Det har vore harde tak i tunge departement med kontroversielle saker. Han hadde ein stri tørn som Pølse-Hanssen i Landbruk, men det var bare småtteri mot Arbeids- og inkludering og Helse- og sosial. Streikar og asylsøkarar, sjukelønn og pensjon, sjukehus og eldrebølge sto i kø, og det var ikkje lett å samordna. Vakre, svenske feministar, Snåsamannen  og telefonar han ikkje skulle tatt, har også spøkt i bakgrunnen.

Sjøl om det skal mange kuler til ein trøndar, er det lett å forstå om han ikkje kan "frese like mye som før". Å vera statsråd er ingen ni-til-fire jobb. Han må koma seg opp om morran og halda på til langt på natt. Då er det er klokt å gje seg om ein ikkje lenger er "hundre prosent dedikert".

 

rund og godslig er Hanssen. Rimelig kjapp i replikken, men også brei og romslig. Det er slikt som gir tillit mellom folk flest. Han var vel det som må kallast ein folkelig og folkekjær politikar, ein slags politikkens Snåsamannen. Slike kan sleppa unna med mye utan stygge riper i lakken og svekka posisjon.

Hanssen tatt dei verv og uriaspostar Partiet har pålagt han - og vel så det. Men det er jo mulig at han såg at vegen til topps var stengd. Han blei ikkje nestleiar og ikkje utnemnd til kronprins og Stoltenbergs etterfølgar. Med ein bibelsk metafor tente han for Rakel i sju år, men fekk Lea. Nå har han tent i sju år til, men får stadig ikkje Rakel. Det er Helga som er påsett.

 

HANSSEN HAR FORTENT å kvila. Han kunne ha sagt at han ville vera meir skjerma for stadig kritikk og mindre offentlig synlig; leva meir incognito, for å seia det med den nye adressa hans. Han kunne sagt at han ville ha meir ordna arbeidstid eller til og med tena betre. Det hadde vore forståelig.

Men det var ikkje det han sa. Han fekk seg til å seia at han ville ut av det offentlige og over i det produktive og private næringslivet og gjera karriere der dei driv med verdiskapande verksemd. Først antyda han noe om ein bankjobb i Trøndelag. Så blei PR-bransjen med myndighetskontakt hans first house. Han går i spora etter Grete Knudsen, Kjell Opseth og Carl I. Hagen  med ein timepris på to-tre tusen kroner. Jaggu sa eg smør. 

 

VERDISKAPING var stikkordet. Smak på det: Hanssen ville bort frå det offentlige og over i privat verdiskaping. Det er å falla i den privat-økonomiske terminologiens grav. Avskjedhelsinga frå ministeren for helse og omsorg er direkte undergravande for det han har arbeidd med politisk i dei store og tunge delane av offentlig sektor. Det er eit slag i ansiktet på dei han har hatt som verdiskapande undersåttar, medspelarar og forhandlingsmotpartar i helse- og sosialvesenet, forvaltninga  og nav-systemet.

 

Skam deg, Bjarne Håkon Hanssen.

 

EIN FOTNOTE om verdiskaping, for dette er ein av mine språklige kjepphestar: Ei skaping er noe anna enn ein skapning - eller skapnad, som det heiter på nynorsk. Akkurat som at bygging er noe anna enn bygning. Den vesle N-en gjer stor forskjell.

 

I denne kampen hadde eg ein alliert i Kristin Clemet. Då ho var nestsjef i NHO, prøvde ho å utrydda den misforståtte N-en, men det var ganske fåfengt, for herrane i NHO syntest det høyrdest meir fornemt ut med verdiskapning med N. Heilt til ho fortalte om han som kom og leverte rekning for 14 dagars reisning. Svaret var at dersom det var tale om reising, så var det ei sak for NHO, men Viagra måtte han betala sjøl! Då forsvann N-en frå dei skapte verdiane.

 

 

 


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS