2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Dei kommunevennlige vann stortingsvalet

Av: Andreas Hompland  

Det blir ingen store eksperiment i offentlig sektor. Det blir meir pengar og stillingar til eit godt system, lovar vinnarane. Det blir lite fornying, hevdar taparane. 

Valforskarane er glade i å gjeta veljarar på vandring og passa på dei som held seg innanfor gjerdet. Derfor kjem det til å koma mange tal og prosentar etter kvart på sikrare grunnlag. Så langt tyder stikkprøver og kjappe analyser på at det var kvinner i offentlig sektor som sikra den rød-grøne valsigeren. Mens menn er tyngre i privat sektor og stemmer Høgre og Fremskrittspartiet, soknar kvinnene til venstresida, og særlig dei i offentlig sektor.

SV har lenge hatt eit tyngdepunkt der. Dei som trur at Senterpartiet er eit reint bondeparti, har ikkje fått med seg at det også er eit tungt offentlig-sektor-parti på bygdene. Det nye i år er at Arbeiderpartiet gjer det endå betre enn før hos kvinner i  trøste-og-bære-yrka. Tidligare har det vore mennene i offentlig sektor som har stilt mest mannjamt opp og stemt på Arbeiderpartiet.

Begge delar altså: Både kvinner og offentlig sektor. To ulike forklaringar blir bydd fram på dette fenomenet. Den eine er den egoistiske, eller sagt med ei penare omskriving, at stemmegivinga er  basert på interesser og "klasse": Du stemmer på det partiet som har mest å tilby deg. Derfor stemmer kvinner i offentlig sektor på parti som har størst velvilje for offentlig sektor. Det gjer dei i eigeninteresse, for å forsvara arbeidsplassane og for å få betre arbeidsvilkår: Det som er godt for offentlig sektor, er godt for meg.

Den andre forklaringa er ideologisk og altruistisk: Kvinnene i offentlig sektor stemmer slik dei gjer av omsyn til andre, fordi at brukarar, klientar og pasientar skal få det betre. Sjøl om alle parti konkurrerer med kvarandre om betra kår for gamle og sjuke, har dei mest tru på rød-grøne velferdsgarantiar.

Dei to forklaringane er ulike, men for den enkelte er dei som regel to sider av same sak. Det skaper truverde og gir ei god kjensle når private interesser fell saman med dei allmenne. Det var derfor dei rikaste ikkje argumenterte med sin eigen pengesekk då dei kasta seg inn i kampen mot formueskatten; dei gjorde det av omsyn til folk og land og verdiskaping og arbeidsplassar. Steinrik Hagen bomma der, og derfor framsto han som ein grådig og tåpelig figur. Private interesser bør alltid forkles i det samfunnsmessige.

TENESTESEKTOREN kjem til å veksa mest, same kordan vi steller oss, og same kven som styrer. Slik er det i eit post-industrielt land. Og alt tyder på at den offentlig delen av tenestesektoren kjem til å veksa mest, særlig innan helse og omsorg. Slik er det i ein petroleumsøkonomi der staten sit på pengesekken.

I tillegg kjem at utdanning, barnehagar og løfte om lønnsutvikling er innretta mot at kvinner skal jobba minst like mye som menn, og dei blir dratt mot offentlig sektor. Innvandrarar har også ein tendens til å stemma på partia til venstre, og det blir fleire av dei.

JENS STOLTENBERG prøvde seg med noen lange historiske liner i valkampen: Gerhardsen løfta arbeidarane opp og inn i samfunnet; Gro gjorde det same med kvinnene; og hans draum er å integrera våre nye landsmenn. Han kunne ha lagt til eit forord av Halvdan Koht: På 1800-talet løfta Venstre bøndene, som var den tids folk flest, inn og opp i samfunnet.

Ein mulig konklusjonen på dette er at nye klasser og grupper finn sin plass i storsamfunnet og set sitt langvarige preg på politikken og samfunnsutviklinga. Om vi skulle trekka ei politisk langtidslinje av årets val, må det bli at dei "offentlig-sektor"-partia objektivt sett vil ha store muligheter til å halda på fleirtalet i lange tider framover. Dei skal faktisk stella seg ganske ille om dei ikkje maktar det. Då må folk flest i tilfelle vera så subjektivt misnøgde at dei er villige til å prøva noe heilt anna.


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS