2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Slalåm er politikkens hovudgrein

Av: Andreas Hompland  

Jens Stoltenberg kjem til å halda fram som statsminister, men det er meir usikkert om SV og Senterpartiet blir med på laget. Arbeiderpartiet har begynt å drøyma om mindretalsregjering igjen.

Statsministeren vil heita Jens Stoltenberg også etter 14. september, nærmast uavhengig av valresultatet. Det synest det å vera allmenn semje om blant kommentatorar, analytikarar, folk flest og andre som har ei meining utan taktisk baktanke. Så lenge Høybråten og Sponheimen heller vil ha Jens enn Jensen, og så lenge Siv ikkje vil støtta ei borgarlig regjering der Fremskrittspartiet ikkje er med, blir fasit Jens Stoltenberg.

Om Fremskrittspartiet skulle få fleirtal på Stortinget, stiller det seg sjølsagt annleis, men slikt trur dei ikkje eingong på i sine våtaste draumar. Siv Jensen kan bare bli statsminister dersom Fremskrittspartiet og Høgre saman får fleirtal på Stortinget -- og knapt nok då, for eit lite Høgre vil frykta eit stort Frp meir enn Stoltenberg. Fleirtal for dei to partia er elles ikkje særlig sannsynlig, for dei beitar på kvarandre sine veljargrunnlag: Framgang for det eine, er tilbakegang for det andre. Og om Siv skulle bli statsminister gjennom parlamentarismens litt kronglete og uransakelige vegar, blir det bare eit kort mellomspel a la Hornsrud og Lyng før Stoltenberg er tilbake.

EIT ANNA SPØRSMÅL enn kven som er statsminister når ting fell på plass utover hausten, er kva for parti som er med i regjeringa. Arbeiderpartiet har kome i regjeringsposisjon aleine etter valnederlag før. Dersom dei tre regjeringspartia taper fleirtalet, blir det sannsynligvis ei mindretalsregjering av Arbeiderpartiet.

"Hvorfor skal vi ha en Plan B når de ikke engang har en Plan A?" spør Stoltenberg retorisk, men i interne fora er tonen ein heilt annan. Der er det sterke røyster som begynner å meina at det ville vera betre for land og folk -- og ikkje minst for Partiet, om Arbeiderpartiet regjerte aleine. Då ville dei med vekslande støtte frå ulike hald kunna driva gjennom større delar av sin eigen politikk enn når dei har Sentrepartiet og SV som klamp om foten. Det er nok å nemna EU, oljeboring i Lofoten og kontantstøtte.

FLEIRTALSREGJERING var det store slagordet for dei rød-grøne for fire år sidan. Med fleirtal i Stortinget for dei tre regjeringspartia skulle det bli fart i sakene. Det skulle bli slutt med svake og usikre mindretalsregjeringar som måtte bauta seg fram i Stortinget. Ei fleirtalsregjering skulle visa ei heilt anna handlekraft og gjennomføringsstyrke.

Bare dei aller ivrigaste støttespelarane vil vel insistera på at det har gått slik. I store saker har regjeringa prøvd å få til breie kompromiss; slik er nå eingong norsk politikk. I mange andre saker har dei tre partia hatt nok med å koma fram til semje seg imellom i regjeringa. Ei fleirtalsregjering må vera samla innad for å visa kraft utad. Der dei ikkje enige, har dei skapt uklarhet, pakka inn problema og skuva dei framfor seg. Eg nemner igjen EU, oljeboring i Lofoten og kontantstøtte som døme.

Det er ikkje noen demokratisk ulempe at Stortinget blir kopla meir aktivt inn i beslutningane. Det sit erfarne og vettuge folk der. Opposisjonen blir sur og tverr når alt er opp og avgjort før sakene kjem til Stortinget. Representantar frå regjeringspartia er heller ikkje komfortable i rollen som sandpåstrøarar. Dei kan ofte sjå muligheter til å vri og forbetra saker som er utvikla i departementskontora, men det må dei passa seg for, for då kan framforhandla semje i regjeringa koma i fare.

Slalåmkjøring har vore ei utskjelt politisk idrettsgrein. Det er det ingen grunn til. Slalåm er noe av politikkens vesen. Det kan vera trøblete å koma gjennom alle portane, men det er elegant når det er vellykka, og det er alltid mulig å koma til mål. Faren for alvorlige feil og stygge skader er mye større i utfor.


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS