2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Arbeidslinas innebygde paradoks

Av: Andreas Hompland  [Sist endret: 17.02.2010 09:24:05]

Jo meir inkluderande arbeidslivet blir, jo fleire vil bli ekskluderte for kortare eller lengre tid. Slik må det vera i eit rikt velferdsland med trygghet for arbeid eller inntekt.

Kordan kan det ha seg at så mange er sjukemelde i verdens beste land å leva i? Nettopp derfor, kan hende. Fordi vi er eit rikt land med verdens mest sjenerøse sjukelønnsordning, har vi råd til å vera sjuke. Eller la vera å gå på jobb når vi er sjuke - utan å mista inntekt eller jobb. Det er ein kvalitet ved vårt samfunn.

Det er ikkje eit mål på velferd at mange er sjukemelde, men det er eit sunnhetsteikn at dei som er sjuke har råd og mulighet til å vera det. Det er ikkje eit mål at mange skal vera sjukemelde, men det er ikkje til å unngå når sysselsetting er høg og arbeidslivets krav hardnar til.

På ein helseinstitusjon eg besøkte, hadde dei kakefest på pauseromet. Eg spurte kva slags gledelig begivenhet dei feira. Var det noen som hadde fødselsdag? Nei, var svaret. Det var fordi Alma hadde fått uføretrygd. Nå slapp ho å slita med den vonde ryggen og pendla halvannan time fram og tilbake til vaskejobben.

Alma er eit tal i statistikken over slitne kvinner i trøste-og-bære-yrka med ugreie arbeidstider og  tunge tak i mange år. Både sjukefråvere, attføring, førtidspensjonering og uføretrygdinga er stort i slike jobbar. Det er ikkje lenger i tungindustrien, men der vi finn både mange utbrende og "dei gamle slitarane".  Dei fortener å få kvila med verdighet.

Kom arbeidslyst og treng deg inn; her skal du motstand finne. Slik herma dei etter ein kar i dalstrøka innafor som likte seg best på sofaen heime eller på muren utafor Samvirkelaget der han plaga andre med å bretta ut om alle plagene sine. Etter mange års iherdig innsats klarte han å bli uføretrygda. Bygdefolk meinte han var ein uverdig trengande.

Det finnest åpenbart noen som har som mål i arbeidslivet å koma seg ut av det permanent eller med noen dagars eller vekers sjukemelding etter eige ønske med legekvittering. Dei som kan, men ikkje vil arbeida. Dei er ikkje mange nok å dra statistikken oppover. Det er dei som vil, men ikkje kan, som er problemet.

MANGE STÅR UTANFOR arbeidsstyrken, men samtidig har vi eit av verdens høgaste sysselsettingsnivå - særlig for kvinner. Nå er ikkje kvinner mindre hardføre enn menn, ofte tvert imot. Men kvinner blir gravide, har små barn og  større omsorgsansvar enn menn, slik er det bare.

Det høge sjukefråveret er ein direkte konsekvens av den høge sysselsettinga. Ein skrapar langt ned i arbeidsstyrken. Når bare to-tre prosent av dei arbeidsføre er utan arbeid, er det ikkje merkelig at fleire av dei som jobbar er sjukemelde, enn når arbeidsløysa er 20-30 prosent. Når det ikkje bare dei aller mest sunne og friske og sterke som er i arbeidslivet, blir det fleire som må ta seg ein pause. Når alle skal med, blir det fleire som ikkje kan vera med heile tida.

Mange er ekskluderte frå det ordinære arbeidslivet mot sin vilje, men jo fleire av dei marginale som blir inkludert, jo fleire vil koma til å vera sjukemelde eller på sidelina for kortare eller lengre tid. Og ved kvar omstilling fell fleire frå - midlertidig eller varig, og midlertidigheta har ein stygg tendens til å bli varig.

Eit inkluderande arbeidsliv, slik det er definert i IA-avtalen, har eit innebygd paradoks. Målet er tredelt i tråd med arbeidslina: redusera sjukefråveret, integrera funksjonshemma i arbeidslivet, få eldre til å stå lenger i jobb før dei pensjonerer seg. Det er gode og fornuftige mål kvar for seg dersom dei sjukemelde ikkje er for sjuke til å arbeida, og dersom arbeidslivet ikkje stenger eldre arbeidstakarar ute, og dersom det finnest høvelig arbeid for funksjonshemma og folk med redusert arbeidsevne, men det gjer det jo ikkje. Dersom inkluderinga av dei marginale blir meir vellykka, vil sjukefråveret auka. Det er den innebygde motsetninga i målsettinga.


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS