2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

NHO si kommunale salsmesse

Av: Andreas Hompland  [Sist endret: 13.02.2012 10:28:52]

NHO er ein lobbyorganisasjon for private bedrifter, men dei har også eit heilhetsblikk på samfunnsutviklinga som er i nær slekt med programmet til partiet Høgre og økonombrillene til BI.

Hallvard Skauge Frispark 1-12 nett

 

 

 

 

 

 

 

Tegning: Hallvard Skauge

For å setta sitt bumerke på den offentlige dagsorden, innleier NHO alltid det nye året med ein storstila og medieprofilert konferanse. Der møtest mange av toppane frå politikk, næringsliv og forvaltning for å sjå og høyra eit velregissert show som skal understøtta NHO's syn. I løpet av dagen minglar dei i pausane, så møtest dei viktigaste til middag om kvelden, og etterpå går ein endå engare krets og drikk for ein gongs skuld øl saman på ein brun kafé.

VELFERDSFELLA var tema i fjor. Den hamnar landet i dersom vi ikkje møter eldrebølgja, migrasjonsbølgja og trygdebølgja på ein berekraftig måte. Problemstillinga var symbolisert med ein velbrukt Stessless-stol på scena. I den sit Ola og Kari og Ali Nordmann altfor trygt og godt. Slik NHO ser det, må dei skræmast opp av kosen og ta større personlig ansvar.  Botemidlet er å stramma inn på offentlige utgifter og sleppa private bedrifter meir til.

Les også: Delta provosert av NHO

Men som det heiter i Musevisa: Viss ingen går i fella ("fellen" på NHO-sosiolekt), men passer seg for den, skal alle om et år få feire jul igjen. Og det kunne vi. Derfor kunne også NHO på trettande dag jul samla "alle gode krefter", som det heitte på scena i år, for å setta årets mest brennbare utfordringar på dagsorden. Mens finanskrisas spøkelse går gjennom Europa, mens EU-politikarane bautar seg fram frå krisemøte til krisemøte, mens velferdsordningar og kapitalismen vaklar. Då valde NHO seg påtvungne kommunesamanslåingar som tema.

Å SLÅ SAMAN KOMMUNAR kan vera fornuftig av mange grunnar når oppgavene blir fleire og kommunikasjonen enklare. For Staten og etatane og helseføretaka som får færre å samhandla med. For fagfolka og profesjonane som får fleire å samarbeida med. For innbyggarane som får fleire tilbod å velja mellom. For lokalpolitikarane som kan vinna att litt av kontrollen med dei ustyrlige interkommunale selskapa.

Men kommunesamanslåingar har også sine kostnader. Ein skal aldri kimsa av kva lokale tilpassingar, oversikt og nærhet, kjennskap og tilhøyrighet har å seia for eit trygt liv. Og det heilt grunnleggande med kommunane er ikkje at dei er eit praktisk forvaltningsnivå, men eit uttrykk for lokal folkevilje.

STØRRE OG FÆRRE kommunar er altså NHO sitt svar - uansett kva spørsmålet er. Dei kan svaret, men kjenner ikkje spørsmåla. Derfor blei det også uro og misnøye då Erna Solberg takka for festmiddagen med å snakka i det vide og breie om forholdet mellom ulike forvaltningsnivå, digitalisering og behandlinga av byggesaker.

Les også: Nei til privatisering av offentlige kjerneoppgaver

Dette kan koma av at NHO-toppane ikkje kjenner den mangslungne virkeligheta og ulagelige geografien der folk bur i kommune-Norge. President Skogen Lund argumenterte med at å slå saman til 100 kommunar, vil vera å legge til rette for ei betre forvaltning med meir konkurranse til beste for innbyggarane før krisa kjem og tar oss. Og direktør Bernander slapp katta ut av sekken då han i sluttappellen oppfordra alle ordførar og rådmenn til å reisa heim og setta opp ei liste over ting og tenester NHO sine medlemsbedrifter kan gjera betre enn kommunen sjøl. NHO-konferansen var altså ei salsmesse.

LYTT TIL KJENTFOLK heiter det i ein av fjellvettreglane. For å vera på trygg grunn vil eg heller høyra på ordførarar, tilsette og dei som bur i norske småkommunar, enn på NHO, for deira perspektiv passar best på strekninga Majorstua-Operaen-Lorry.

Les også: - Vern om arbeidsmiljøloven  

 


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS