2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Lokaldemokratisk narrespel

Av: Andreas Hompland  [Sist endret: 23.03.2012 11:24:02]

Tida går og generalistkommunen skal bestå. Det har Navarsete bestemt. Men i det samspelet som må til for å løysa stadig fleire oppgaver, er det den folkestyringa som taper.

Tegning: Hallvard Skauge

HALVDAN SKARD har gått av som leiar i KS etter 20 år. I eit intervju på tampen i Klassekampen sa han dette: "Jeg er helt sikker på at vi kommer til å få en sterkere politisk bevegelse for kommunesammenslåinger. Lokaldemokratiet trenger det".

Han viste til Hole som døme. Med sine seks tusen innbyggarar deltar kommunen i over 60 forskjellige samarbeidsorganisasjonar og bedrifter over grensa: "Her er det styret i samarbeidsbedriftene som tar avgjørelsene, ikke politkerne. Jeg lurer ganske mye på hva kommunstyret i Hole egentlig bestemmer over".

Dette meinte Halvdan Skard då han gjekk av. Hadde han sagt det same offentlig og arbeidd aktivt for å slå saman kommunar mens han var leiar i KS, hadde han aldri vore det i 20 år.

OLAV ULLEREN var direktør i KS i sju år. Kommunegrensene flytta lite på seg i hans tid, sjøl om kommunalminister Erna Solberg både truga og lokka. Då Senterpartiet overtok departementet, følte dei små kommunane seg på trygge på at dei kunne stå aleine.

I si aller siste innstilling til hovudstyret i KS oppmoda den gamle Sentrepartiordføraren Ulleren organisasjonen til å dra i gang ein ny strukturdebatt: "Jeg tror vi har mye å vinne på å ta initiativet selv, ikke bare sitte og vente på at en ny regjering skal tegne et nytt kommunekart". Han argumenterte for at færre og større kommunar er tvingande nødvendig dersom kommunane skal behalda og styrka si samfunnsrolle. Men det gjorde han altså då han var på veg ut.

KOMMUNESEKTORENS ORGANISASJON, som KS kallar seg for tida, arbeider etter konsensusprinsippet og må basera seg på minste felles multiplum. Den kan bare fronta saker alle er samde om: fylkeskommunar og kommunar, store og små, tette og tome, rike og fattige, sentrale og perifere. Då blir det helst krav til staten. I tillegg til, sjølsagt, godt og nyttig arbeid med å gje råd til kommunane og hjelpa dei med forhandlingar og legale spørsmål. Sterke krefter i KS kan ønska, villa og håpa med, at fleire kommunar slår seg saman. Dei kan få laga utgreiingar og scenariar og åpna for debattar, men der går grensa.

STEFAN LÖFGREN, den nye leiaren i det svenske sosialdemokratiet, har samanlikna den nordiske modellen med ei humle som i teorien ikkje er flygedyktig. Slik er det med den norske kommunestrukturen også. I organisasjonsteorien og sett frå sentrale organ, skulle den ikkje fungera, men den gjer det likevel. Med list og lempe, pragmatisme og prinsippløyse går det seg til på eit vis, med samkommunar og vertskommunar, regional arbeidsdeling og interkommunale selskap.

LIV SIGNE NAVARSETE fekk til slutt lagt fram ei Stortingsmelding om forholdet mellom stat og kommune: "Styring og samspel". Ettersom det er stor usemje mellom regjeringspartia om kven som skal føra i denne pardansen, måtte det enda med mye god vilje og allmenne formuleringar. Men på eitt punkt er Navarsete klar: Generalistkommunen skal bestå. Alle kommunar skal ha same oppgaver, ansvar og plikter - uansett om dei er store eller små.

Her er det noe som er vindskeivt. Småkommunar har sine sterke sider i nærhet og kjennskap og oversikt. Men på eiga hand kan dei aldri ha den kompetanse og dei fagfolka som trengs for å ta hand om alle tenestene innbyggarane treng og har krav på. Det må dei overlata til andre å styra med og bestemma over. Det kan vera greitt nok det, og det er slett ikkje sikkert det blir betre med større kommunar. Men det er eit lokaldemokratisk narrespel.

 


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS