2019  
Nettutgave av bladet Kommuniké. Utgiver: Delta - en arbeidstakerorganisasjon i YS.

Søk i vårt arkiv
  
    
Søk på Internett
Søk etter:
Google
Kvasir
Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
Meld på
Meld av
En del av:
Frispark/kommentar

Med hjarte for den rette staden

Av: Andreas Hompland  [Sist endret: 29.01.2009 10:26:37]

Det kjennest trongt når alle bryr seg, men det blir tomt når ingen bryr seg. Dei som kranglar saman, høyrer saman, for lokal strid er ein viktig del av den sosiale og kulturelle veven.

HEARTBEAT har vore mitt kjæraste TV-program i mange år. "Med hjarte på rette staden". Eg ser det saman med dattera mi som inntil vidare er ung nok til å vera heime på lørdagskveldane. Med engelsk 60-tals musikk i bakgrunnen lever me med i liv og lagnad i landsbyen. Sånn var det gamle dagar, som dattera mi seier.

Aidensfield er ein strålande, mytologisk konstruksjon: Folk viser omsorg for kvarandre - særlig for dei litt tuslete og for dei gamle, og dei er det ganske mange av. Alle i landsbyen held på sitt og sine måtar å gjera det på. Men sjøl om dei kranglar om eit eller anna heile tida, så held dei saman og samlast til slutt i full fordragelighet på puben. Av det kan ein læra noe om hjertevarme og grunnleggande samhald i tette lokalsamfunn. Men ein kan også læra at dei som kranglar saman, høyrer saman, for stridigheter er ein viktig del av den sosiale og kulturelle veven.

SOSIALE NETTVERK er ikkje bare snille og gode. Dei er også ubønnhørlige. Dei er ingen søndagskule - eller kanskje er det akkurat det dei er, for oss som har førstehands erfaring med denslags. Dersom me ikkje møtte fram og gjorde våre plikter, så fekk me verken stjerner i boka eller appelsin på juletrefesten.

Nærhet og tetthet i eit samfunn er dobbelt. Kvar for oss vil me gjerne ha mye frihet og store manøvreringsmuligheter. Men me vil også høyra til. Det er ille og trongt når alle bryr seg, men det er farlig og tomt når folk ikkje bryr seg. Solidaritet og sladder er i grunnen to sider av same sak. Dei som sluttar å bry seg med, sluttar også å bry seg om.

I STATSVITENSKAPEN snakkar ein om loyalty, exit and voice: å vera lojal, å melda seg ut, eller å seia ifrå. Blind og taus lojalitet er like skadelig for eit godt fellesskap i nabolaget, i ei grend, ei bygd eller ein by, som at det er høg terskel og kort veg til døra. Mangfold er meir berekraftig, at det finnest folk med ulike meiningar og prosjekt, og at dei står på for det dei trur er til beste for staden dei bur på og har hjarte for. Når det er der dei vil høyra til, og det er der dei vil bidra og ofra noe for å bli, trivast, utvikla seg og sitt. I staden for å flytta derifrå eller melda seg ut ved å halda seg inne bak eige hagegjerde.

DET ER MEIR Å LÆRA frå Aidensfield. Det er alltid slik at når det skjer noe spennande, noe urovekkande eller kriminelt - og det gjer det i kvar einaste episode, så startar det med at noen kjem utanfrå. Det er dei fremmende, dei som er annleis, innflyttarane, eller dei som bare passerer gjennom, som er årsak til at det i det heile tatt hender noe. Det vonde og farlige som trugar idyllen, sjølsagt, men også det som er nytt og annleis. Slikt som kan ha mulighet til å bli noe godt og utviklande dersom det blir møtt med åpenhet og tiltru. For både det vonde og det gode kjem som oftast utanfrå, men det ser ikkje alltid me som er innanfor.

DETTE POENGET er faktisk ganske viktig i kommunal virkelighet også. Altfor ofte er både lag og organisasjonar, byråkratar og politikarar opptatt av at sosiale og kulturelle aktivitetar skal fremma lokale identitet og styrka tradisjonelt samhald. Det er vel og bra, men det betyr også at det blir sett grenser. Lokale omgangsformer og lokal kultur kan bli ekskluderande og utestengande. Då mistar den sitt potensial som overgripande, inkluderande og fornyande. Den skræmer bort dei som ikkje er konforme og stenger nykomarar ute.

Aidensfield er koselig og nostalgisk, men ein døyande stad.


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon
Annonser

DTF Travel


Siste utgivelse

Siste nytt
Ingen nye artikler...
 
Ansvarlig redaktør: Audun Hopland | Tilbakemelding | Ønsker du å annonsere?
Kommuniké - Brugata 19, 0134 Oslo, 6 etg. | Tlf: 21013600 | Fax: 21013650
------------
Dette nettstedet benytter oppdateringsverktøyet EWAT CMS, levert av Antera Norge AS